Hjartdalnett
  • Kundeweb
  • Driftsmeldinger
  • Målaravlesning
  • Installatørmelding
  • Feilmelding
  • Nett
    • Personvern
    • Nettleige
    • Nettleige privat
    • Nettleige næring
    • Tarifftilskot
    • Standardavtaler
    • SMS-varsling
    • Strømavbrudd
  • DLE
    • DLE ved Hjartdal Elverk
    • Kva du kan gjera sjølv - og tips til elvett
  • Kundeinfo
    • Vår energi
    • Fakturering
    • Skifte kraftleverandør
    • Leveringsplikt
    • Råd og tips
  • Kontakt

Kva du kan gjera sjølv - og tips til elvett

Du har lov til å foreta enkelte elektriske tilkoplingar på eiget utstyr. Her er en oversikt over kva du kan gjera. (Under opplistinga er det nokon gode tips til el-vett.)

·        Tilkopling/skifting av to-pola støpsel til og med 25A (ampere), med og utan jording.

·        Tilkopling/skifting av to-pola skøytekontaktar og apparatkontaktar til og med 16A (ampere), med og utan jording.

·        Tilkopling og reparasjonar av bordlamper, lampettar og liknande med be-vegeleg leidning.

·        Tilkopling /skifting av belysningsutstyr opphengt i tak i krok eller liknande, og som ikkje betraktas som ein del av fast installasjon.

·        Montering og skifting av varmeomnar som leverast med be-vegeleg leidning og støpsel.

·        Skifting av deksel på brytar, stikkontakt og koplingsboksar.

 Alt anna elektrisk installasjons- og reparasjonsarbeid enn det som er nemnt i liste over skal utførast av fagfolk.

I dag kan ein få kjøpt elektrisk installasjonsmateriell i ulike butikkar og som er berekna på fast installasjon, da som t.d. brytarar, stikkontaktar, støpsel, leidningar m.m.  

Mange ufaglærte installerer dette materiellet sjølve, eit arbeid som er ulovleg og som i verste fall kan føre til fare for liv og eigedom. Slikt arbeid kan også føre til avkorting av forsikringsutbetaling ved eventuelt skade.

Alt arbeid som ikkje er nemnt i lista «dette kan du gjera sjølv», skal berre utførast av faglært personell, tilsett i ein autorisert installasjonsbedrift.

Her er nokon gode tips til el-vett:  

·        Trekk ut støpselet etter bruk til termostatstyrte apparat, som t.d. kaffitraktar, vann kokar, brødristar, og strykejern.

·        Ta ut batteriladarar som ikkje er i bruk eller ikkje er under oppsyn.

·        Sjekk at komfyren er skrudd av etter bruk, og når du forlèt huset eller går og legg deg.

·        Tips: "Komfyrvakt" er eit utstyr som skal kople ut komfyren vis ein gløymer bort å slå av(tørrkoking).

·        Følg alltid bruksanvisninga for dei elektriske apparata.

·        Sjå til at ingen panelomnar er tildekt.

·        Bruk flyttbare elektriske ovnar berre under tilsyn. Sjekk at støvfilter ikkje er tett.

·        Bruk berre fastmonterte lamper på barnerom.

·        Bruk ikkje større lyskjelder enn det som lamper er påstempla(maks W).

·        Sørg for at det alltid er nokon tilstade når vaskemaskin / tørketrommel er i bruk.

·        Renns lofilter på tørketrommel

·        Monter nok stikkontaktar, slik at du unngår bruk av skøyteleidningar.

·        Dersom du har skrusikringar – skru etter minst ein gong i året.

·        Merkar du noko unormalt med installasjonen eller el-utstyret, så ta kontakt med installatør.

·        Ha tilstrekkeleg med røykvarslar, og kontroller med jamne mellomrom at dei verkar som dei skal. 

HUGS:    BRUK ALLTID FAGFOLK TIL EL-ARBEID!


Hjartdal Elverk AS
Tlf.: 35 49 98 50    Org.nr: 985 834 059
Epost: firmapost@hjartdal-elverk.no