Målaravlesing
Du kan legge inn målaravlesing på internett med kundeweb.
Med kundeweb kan du og få oversikt over ditt strømforbruk, sjå fakturaoversikt, endre kundeopplysningar etc. For meir info om korleis du logger deg på og brukar kundeweb, sjå her.
Målaravlesing kan også sendas inn med SMS.
For å bruke SMS må du være registrera. Når du registrerar deg er det viktig at du har mellomrom mellom kvart ord og tall, men kun eit mellomrom. Brukar du to eller ingen mellomrom vil du få ei feilmelding. For å registrera deg må du ha kundenummer og målarnummer. Det finn du i kalenderen eller på faktura. (Er målar registrera med nullar føre, må desse og takast med.) Når du har dette sender du "hevm start kundenummer målernummer" til 26166, utan anførselsteikn. Pass på at det skal stå "hevm" (Hjartdal Elverk målar) og ikkje "hvem"! Kundenummer og målarnummer byttas ut med ditt kunde- og målarnummer. Er ditt kundenummer 1234 og målarnummer 891011, skal du altså sende "hevm start 1234 891011" til 26166. Du vil deretter få kvittering på SMS.
Når du er registrera sendar du målaravlesinga som "hevm målarnummer målarstand" til 26166, igjen utan anførselsteikn. Til dømes kan målarnummeret ditt være 891011 og målarstanden 687. Då sender du "hevm 891011 687" til 26166 (du trenger ikkje ta med nullar før avlesninga, men hugs mellomrom). Du vil deretter få kvittering på SMS.
Om du ynskjer å stoppe tenesta sender du "hevm stopp kundenummer målernummer" til 26166. Frå eksemplane tidlegare sender du altså "hevm stopp 1234 891011".
Om du byter telefonnummer eller navn på strømkontrakta må du stoppe tenesta, for så å starte den på nytt att. Når tenesta er starta kan du lese av målarstanden så ofte du vil, og du vil motta ei påminning når det er tid for ny avlesing.